
Moderne bustader i vakre omgjevnader
Vi er ein områdespesialist som jobbar for auka livskvalitet gjennom gode busituasjonar. For oss er bærekraft tufta på å skape auka bulyst, attraktivitet og fleire lukkelege distriktsbuarar.
No har du sjansen til å sikre deg ei heilt ny leilegheit ved bryggekanten i Utvik! Her skal det byggast 6 moderne leilegheiter med fantastisk panoramautsikt over Nordfjorden.
Leilegheitene ligg i hjertet av Utvik sentrum - eit idyllisk og fredfullt område med nærheit til både natur, fjell og sjø. Her kan du nyte solrike dagar på balkongen og oppleve roa i det vestnorske fjordlandskapet.
Prosjektet har høg standard, gjennomtenkte løysingar og ein utsikt du vil glede deg over kvar einaste dag.
Bu ved fjorden - nye leilegheiter i Utvik sentrum
Tonningskamben
Her kjem etterlengta sentrumsnære bustadar i vakre omgjevnadar.
I området, som består av 110 mål, vil vi byggje til saman over 100 einingar i ein kombinasjon av einebustadar, kjeda einebustadar samt fleirmannsbustadar. Her planlegg vi og barnehage, leikeplassar og grøne lunger.
Meld deg på under, så held vi deg oppdatert på kva som skjer framover:
-
Rune Solheim
-
Håvard Maurset
-
Therese Lunde Solberg